1. oktober, 2009 by may

Jytte Kristin Eikenes syner utstillinga “ARTig AKTivitet” på BarBarista i oktober månad.
Utstillingsopninga er tysdag 6.10. kl 1900.

Møt opp og møt kunstnaren!


Posted in Informasjon,Program,Utstilling  | Kommentarer (0)

8. september, 2009 by may

Fredag 11.9. kl 2000-2100 presenterar Gunnar Staalesen (manus) og Mike Collins (teikning) den 5te boka i Varg Veum-teikneserien “7 Fjell”. Boka heiter “Død mann sladrar ikkje” og er i salg på BarBarista frå og med torsdagen. Collins vil teikne medan Staalesen fortel om boka, og etterpå kan du få den signert (eller dei andre i serien som og er å få kjøpt på BarBarista).

2100-0100 er det open teikneseriekveld på BarBarista.
(Stikkordet er “Draw for Beer”, noko ein kan tolke som ein vil… ) Me vonar at riktig mange av teiknarane på Raptus dukkar opp!


Posted in Informasjon,Program  | Kommentarer (0)

by may

Torsdag 10.9. kl. 1900-0100 tjuvstartar me Teikneseriefestivalen Raptus på BarBarista. Torbjørn Lien har lova oss ei bunke originalar som me skal henge opp innimelllom Lars Lauvik sine denne helga.

Andre teiknarar frå Raptus dukkar opp denne kvelden, så her vert det nok både folksamt og morosamt.


Posted in Informasjon,Program,Utstilling  | Kommentarer (0)

7. september, 2009 by may

09.09.2009, klokka 1900-2300 ferirar me at The Beatles-katalogen vert lagt ut i ny CD-remastring over heile verda. På BarBarista gjer med det på gamlemåten, og går igjennom høgdepunkta i vinylformat.


Posted in Program  | Kommentarer (0)