21. juni, 2010 by arild

Klår for nok ein knitrande triveleg vinylkveld med Mister Barbaro. Som spelar gromlyd frå kl. 2030 og utover. Ikveld satsar me mellom anna på mykje fin country!


Posted in Vinylkveld  | Kommentarer (0)

20. juni, 2010 by arild

Avstemminga er i gang! 100 “beste” i Bergen er nominert, og me er ein av 5 i “kaffi-avdelinga”.

Stem på oss dersom du tykkjer vi fortener det! Her er lenkja til Bergens Beste Kaffi


Posted in Diverse,Uncategorized  | Kommentarer (1)

12. juni, 2010 by arild

Testo’en ligg tungt over Koengen – så på BarBarista går me hine vegen, og spelar kvinnfolkrock på krøllfri velstelt vinyl. Lene Lovich, Tift Merritt, Anisette, Turid Pedersen, Kate Bush, The Roches og systrene McGarrigle, Maggie Bell, Patti Smith … lista er lang og flott. Mister Barbaro spelar plater frå 2030 og utover.


Posted in Vinylkveld  | Kommentarer (0)

8. juni, 2010 by arild

Mister Barbaro er hovding for den aller siste quiz’en i vår – no tek quizlaga sommarferie til ut i august eller så :)

Men fyrst må me skjerpa løkane og stilla opp fredagen med gode lag! Bordtinging er ei føremon…


Posted in quiz  | Kommentarer (0)