28. april, 2010 by arild
Så er det tid for fredagsquiz att, denne gong med Mr. Barbaro ved mikrofonen. Alle velkomne – set saman eit kyndig lag og møt opp! Og vil du vere trygg på at du får plass: gjev beskjed i disken, så set me av eit bord til deg…
Quiz opnar kl. 20 og varar til 22. Deretter spelar me plater med støv på…
Posted in
quiz |
Kommentarer (0)
26. april, 2010 by arild

Mister Barbaro
Tradisjonen er etablert! Kvar tysdag 2030 – 2330 spelar Mister Barbaro plater frå samlinga: litt jazz, mykje country/bluegrass og ein del edel pop.
Posted in
Vinylkveld |
Kommentarer (0)
24. april, 2010 by arild
I kveld, laurdag 24. april har Mister Barbaro bestemt seg for å grave djupt i singel-haugen for å sjå om han kan finna nokre skattar de ikkje har høyrt før. Gamle singlar frå 50-60 og 70-talet får nytt liv på BarBarista…
Posted in
Vinylkveld |
Kommentarer (0)
18. april, 2010 by arild
Fredag 23.4. kl. 2000 tek Quiztin ei ny kunnskapsøkt på BarBarista.

Interessa denne vinteren har vore over all forventing, og det er sjeldan ledige bord/stolar å oppdrive lenger. Vil du vera med på denne supertradisjonen må du helst tinga bord tidleg, det gjer du til jentene bak disken eller via telefon.
Møt opp og ha det kjekt i eit spanande og morosamt miljø!
Posted in
quiz |
Kommentarer (0)