14. september, 2009 by may

Etter å ha sett igjennom statistikken for barbarista.no oppdaga ein at det er enkelte sider som sender oss mange besøkjande.

Så for å “takke” for dei besøkjande, og dei gode orda, lenkjer me tilbake.

På høgre side finn du ei lenkje som heiter “Tilbakelenkjer“. Der finn oversikt over kven som lenkjer til oss, og kva dei skriv.

Inn og les!
Det er mykje interessant! :D


Posted in Diverse  | Kommentarer (0)

8. september, 2009 by may

Fredag 11.9. kl 2000-2100 presenterar Gunnar Staalesen (manus) og Mike Collins (teikning) den 5te boka i Varg Veum-teikneserien “7 Fjell”. Boka heiter “Død mann sladrar ikkje” og er i salg på BarBarista frå og med torsdagen. Collins vil teikne medan Staalesen fortel om boka, og etterpå kan du få den signert (eller dei andre i serien som og er å få kjøpt på BarBarista).

2100-0100 er det open teikneseriekveld på BarBarista.
(Stikkordet er “Draw for Beer”, noko ein kan tolke som ein vil… ) Me vonar at riktig mange av teiknarane på Raptus dukkar opp!


Posted in Informasjon,Program  | Kommentarer (0)

by may

Torsdag 10.9. kl. 1900-0100 tjuvstartar me Teikneseriefestivalen Raptus på BarBarista. Torbjørn Lien har lova oss ei bunke originalar som me skal henge opp innimelllom Lars Lauvik sine denne helga.

Andre teiknarar frå Raptus dukkar opp denne kvelden, så her vert det nok både folksamt og morosamt.


Posted in Informasjon,Program,Utstilling  | Kommentarer (0)

7. september, 2009 by may

09.09.2009, klokka 1900-2300 ferirar me at The Beatles-katalogen vert lagt ut i ny CD-remastring over heile verda. På BarBarista gjer med det på gamlemåten, og går igjennom høgdepunkta i vinylformat.


Posted in Program  | Kommentarer (0)