27. august, 2009 by may

Ein av landets mest populære serieskaparar, Lars Lauvik (kjend frå bladet/serien EON, “Oppgulp” og “Wildlife”) har salsutstilling av striper og sider på BarBarista i perioden 1.9. – 6.10.
Det er sjeldan at originalsider og -striper av kjende norske serieskaparar er til sals, så her lyt ein vere om seg, samtidig som det er mykje morosamt og flott å sjå på!

Utstillinga er i samanheng med den 14. årlege teikneseriefestivalen Raptus, som vert arrangert 11.-13.9. Under sjølve Raptus får BarBarista besøk av Lauvik, saman med mange andre kjende serieskaparar, og då vert utstillinga utvida med andre verk.

Opninga av utstillinga er tirsdag 1.9, og Lauvik og BarBarista ynskjer dykk alle hjarteleg velkomen til opninga!

Tetra-Lauvik


Posted in Informasjon,Program,Utstilling  | Kommentarer (2)

2 kommentarer »

  1. Så kult! Lars Lauvik er en helt! Eon ruler maksimalt

    Kommentar av Einar T. — 29. august, 2009 @ 01:43

  2. Wildlife er konge. Eon [kunne vært] Gud.
    Lauvik er sjefen.

    Kommentar av Øystein — 4. september, 2009 @ 16:44

RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. Tilbakesporings-URL

Legg igjen en kommentar